Fastlåst girkasse

Startet av Hans P., torsdag 18 mai 2017 @ 22:12:25

« forrige - neste »

Hans P.

Hei!
Skriv litt meir om girkasse-problemet her. Har tatt av loket på girkassa fleire gonger no. Fekk tips om ei skive som hadde skrudd seg laus, og at dette var problemet sitt opphav. Har skrudd fast skiva. Den var heilt laus, men problemet er ikkje løyst med det. Både 2. og 3. giret ser ut til å ligge inne samtidig og er "fastlåst". Bilen trillar på garasjegolvet med clutchen inne. Dei to "gaflane" i midten er vanskeleg å få frå kvarandre. Der er vel kanskje problemet? Greier til ein viss grad å justere på desse blanke "staga" med eit stort skrujarn, men utan gode resultat. Fekk også utsparingane på linje og trudde då at gira stod i fri, men nei. Låst. Har greidd å få inn reverse og 4. gir. Trur eigentleg at det ikkje skal så mykje til for å løyse det, men har prøvd lenge no - utan å bruke så stor makt. Stramma handbremsa ein del like før det låste seg og trudde det var den, sjølvsagt, men då den ville trille inn i garasja med cluchen inne, slo eg frå meg det.  :)

Hans P.

#1
Hei igjen!
Prøvde i dag igjen å få girkassa til å fungere. Var i kontakt med Gert-Jan Brink i Ålesund for ei veke sidan då han snakka om ringen som måtte skruast på plass for den midterste sjaltegaffelen. Eg gjorde då som han foreslo, men utan å få løyst problemet med fastlåste gir.
Eg ringde han i dag igjen. Då foreslo han at eg skulle skrue den laus og prøve ein gong til. Det var svært viktig at  akslingane kunne justerast i lengderetning. Som sagt, så gjort. Skrudde av denne skiva og prøvde på nytt. No var det heilt annleis.
Den næraste akslingen ( reverse og 1. gir) kunne no regulerast i tre stillingar, der den i midten er fri. Det same kunne akslingen i midten (2. og 3. gir).  3. Aksling hadde to stillingar som før, der den til høgre er frigir.
For å få kassa til å fungere, må alle tre akslingane stå i frigir før ein set på loket. Pass på fjøra til høgre og ei kule under fjøra. Takk til de som har kome med tips til løysing på problemet, og tusen takk til Gert-Jan Brink! 😀 Skal sette inn eit bilde av girkassa med akslingane i rett posisjon. Då var kassa i orden igjen! Har vore på prøvetur. Alt ok. 😀🎉
Kva var så ulikt på dei to forsøka? Første gongen prøvde eg ikkje å sjekke at akslingane gjekk sideveis før eg skrudde på skiva/ringen ( med innv. gjengar).  Eg skrudde på berre med handkraft. Då vart det uråd å få akslingen i midten til å flytte på seg etterpå.
Andre gongen sjekka eg først at alle akslingane bevega seg lett sideveis før eg prøvde å skru fast ringen. Passa på at det var god avstand mellom gaflane på dei to nærmaste akslingane. Denne gongen skrudde eg ringen vidare ( med sola) ved hjelp av eit stort flatt skrujern og hammar. Den kom no mykje lengre inn, og er nok no på rett plass og godt montert. Håper dette kan vere til hjelp for andre i liknande situasjon. 

Morten

Takk for at du deler! Dette var både imponerende og informativt!
Mortën P H Ruud
'87 2CV6 Club
'83 2CV6 Special
'83 Acadiane
'71 Ami 8 Berline  (prosjekt)
'69 Dyane 6
'21 DS 7 Crossback E-Tense 4x4
(°\=/°)

nils-fredrik

Denne tråden skal jeg huske på - det KAN jo hende meg også  :o
1986 2CV6 Special Dolly-lakkert grønn og hvit, "Doffen" (april 2017, første 2CV)

Sambalbij

#4
Tips. Når man må løses mutteren til gaffelen på aksling sorg da for at du først markere positionen. Helst med en jernsag en markering på akslen.
De er utrolig viktig at han blir montert på nøyaktig sammen plass igjen. Offisjelt bruker man derfor spesjel kalibreringsverktøy. Men det går uten. Ovrigens er det i det meste falle mulig å la den sitter på plass.

Mvh Gert-Jan Brink
har hatt 25 2CV, AKSahara 4x4,AZU 1960,AZU 1972,Traction Avant 1955, CX2400GTI 1988 ,3 x ny Xantia.
Nå HY 1964, 2CV6 1973, Xantia break 1999, 2x HD.

Hans P.

#5
Ja, eg løyste skruen til gaffel på den midterste aksling (6mm fastnøkkel, vanskeleg å få plass til, måtte til med ein liten skiftenøkkel på handtaket på fastnøkkelen for å kunne vri heilt rundt). Eg målte berre med breidda av ein tommestokk og la til 1 mm til hakket. Det stemte på vår bil. Lurt å sage eit spor inntil klemma, eller måle opp nøyaktig på ein pappbit ( og klippe til).
Det kan vere lurt å ha ein liten magnet (magnetisk skrujern) til å løfte opp kula. Denne kan godt få litt feitt før montering igjen.

Sambalbij

Å hjelpe en å fikse 2CVen sin bare for å se at de selger ham rett etter for god penger gi meg altid en litt ufint følelse.  Det er bruke en annen sinn kunskap gratis for å tjene penger.
har hatt 25 2CV, AKSahara 4x4,AZU 1960,AZU 1972,Traction Avant 1955, CX2400GTI 1988 ,3 x ny Xantia.
Nå HY 1964, 2CV6 1973, Xantia break 1999, 2x HD.

Hans P.

Hei igjen!
Må seie at eg vart overraska over innlegget rett over her av Gert-Jan. Vi har no hatt vår 2CV i snart 24 år. Då er det vel kanskje lov å vurdere eit sal av bilen? Rundt den 8. mai skreiv eg inn på forum om saka med girkassa (Under " Startproblem med varm motor" som vart løyst med ny forgassar.) Fekk då råd om å kontakte GJB for å få gode råd om løysing av problemet. Det vart også kommentert at ein 2CV kan "protestere" litt viss det er snakk om å selje. 😊 Vi har brukt bilen siste dagane, og den fungerer fint! 😊 Endå ein gong: Takk for alle gode råd! Vi har for tida 4 Citroënar på vanlegvis to brukarar, så det er jo rikeleg. Men: Vi skal ikkje bytte merke med det første! 😊