Norsk 2CV-forum

Vennligst logg inn eller registrer.

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Avansert søk  

Skrevet av Emne: Fastlåst girkasse  (Lest 106 ganger)

Hans P.

  • Startsveiv
  • *
  • Utlogget Utlogget
  • Innlegg: 19
Fastlåst girkasse
« på: Torsdag 18 05 2017 @ 22:12:25 »

Hei!
Skriv litt meir om girkasse-problemet her. Har tatt av loket på girkassa fleire gonger no. Fekk tips om ei skive som hadde skrudd seg laus, og at dette var problemet sitt opphav. Har skrudd fast skiva. Den var heilt laus, men problemet er ikkje løyst med det. Både 2. og 3. giret ser ut til å ligge inne samtidig og er "fastlåst". Bilen trillar på garasjegolvet med clutchen inne. Dei to "gaflane" i midten er vanskeleg å få frå kvarandre. Der er vel kanskje problemet? Greier til ein viss grad å justere på desse blanke "staga" med eit stort skrujarn, men utan gode resultat. Fekk også utsparingane på linje og trudde då at gira stod i fri, men nei. Låst. Har greidd å få inn reverse og 4. gir. Trur eigentleg at det ikkje skal så mykje til for å løyse det, men har prøvd lenge no - utan å bruke så stor makt. Stramma handbremsa ein del like før det låste seg og trudde det var den, sjølvsagt, men då den ville trille inn i garasja med cluchen inne, slo eg frå meg det.  :)
« Siste redigering: Fredag 19 05 2017 @ 10:18:02 av Hans P. »
Loggført

Hans P.

  • Startsveiv
  • *
  • Utlogget Utlogget
  • Innlegg: 19
Sv: Fastlåst girkasse
« Svar #1 på: Lørdag 20 05 2017 @ 19:52:48 »

Hei igjen!
Prøvde i dag igjen å få girkassa til å fungere. Var i kontakt med Gert-Jan Brink i Ålesund for ei veke sidan då han snakka om ringen som måtte skruast på plass for den midterste sjaltegaffelen. Eg gjorde då som han foreslo, men utan å få løyst problemet med fastlåste gir.
Eg ringde han i dag igjen. Då foreslo han at eg skulle skrue den laus og prøve ein gong til. Det var svært viktig at  akslingane kunne justerast i lengderetning. Som sagt, så gjort. Skrudde av denne skiva og prøvde på nytt. No var det heilt annleis.
Den næraste akslingen ( reverse og 1. gir) kunne no regulerast i tre stillingar, der den i midten er fri. Det same kunne akslingen i midten (2. og 3. gir).  3. Aksling hadde to stillingar som før, der den til høgre er frigir.
For å få kassa til å fungere, må alle tre akslingane stå i frigir før ein set på loket. Pass på fjøra til høgre og ei kule under fjøra. Takk til de som har kome med tips til løysing på problemet, og tusen takk til Gert-Jan Brink! 😀 Skal sette inn eit bilde av girkassa med akslingane i rett posisjon. Då var kassa i orden igjen! Har vore på prøvetur. Alt ok. 😀🎉
Kva var så ulikt på dei to forsøka? Første gongen prøvde eg ikkje å sjekke at akslingane gjekk sideveis før eg skrudde på skiva/ringen ( med innv. gjengar).  Eg skrudde på berre med handkraft. Då vart det uråd å få akslingen i midten til å flytte på seg etterpå.
Andre gongen sjekka eg først at alle akslingane bevega seg lett sideveis før eg prøvde å skru fast ringen. Passa på at det var god avstand mellom gaflane på dei to nærmaste akslingane. Denne gongen skrudde eg ringen vidare ( med sola) ved hjelp av eit stort flatt skrujern og hammar. Den kom no mykje lengre inn, og er nok no på rett plass og godt montert. Håper dette kan vere til hjelp for andre i liknande situasjon. 
« Siste redigering: I går kl. 10:35:38 av Hans P. »
Loggført

Morten

  • Administrator
  • Mehari
  • ****
  • Utlogget Utlogget
  • Innlegg: 1.266
Sv: Fastlåst girkasse
« Svar #2 på: I dag kl. 10:30:40 »

Takk for at du deler! Dette var både imponerende og informativt!
Loggført
Mortën P H Ruud
'87 2CV6 Club
'83 2CV6 Special
'83 Acadiane
'71 Ami 8 Berline  (prosjekt)
'69 Dyane 6
'11 C5 2.0 HDi Exclusive Tourer
'13 DS3 Cabrio e-HDi 92
(°\=/°)

nils-fredrik

  • Startsveiv
  • *
  • Utlogget Utlogget
  • Innlegg: 33
    • "Hjemmeside"
Sv: Fastlåst girkasse
« Svar #3 på: I dag kl. 10:47:32 »

Denne tråden skal jeg huske på - det KAN jo hende meg også  :o
Loggført
1986 2CV6 Dolly grønn og hvit "Doffen" (april 2017, første 2CV)
2CV-fan siden 1978
 

Siden ble generert på 0.07 sekunder med 14 spørringer.